Nestleiar i Venstre Abid Raja seier til VG at han heller vil ha ei regjering leia av Jonas Gahr Støre (Ap) enn ei regjering der Sylvi Listhaug (Frp) er statsminister.
– Venstre kan ikkje støtte ei Listhaug-leia regjering. Ei borgarleg sentrumsregjering må difor vere Høgre-leia, som vi i Venstre gjerne deltek i.
Men dersom det ikkje er mogeleg, ser Venstre heller at Støre held fram, seier Raja til avisa.
– Kan vi ikkje få ei Høgre-leia regjering før eller etter valet i 2029, er det betre at Støre held fram, heller enn ei Listhaug-regjering.
Venstre-leiar Guri Melby seier til NRK tysdag kveld at ho opplever brei einigheit i Venstre om at dei ikkje ønsker ei Listhaug-leia regjering.
– Men når det gjeld vår posisjon og kven vi skal samarbeide med i regjering, er det ei avgjerd vi skal ta saman i partiet, og ho skal vi ta mykje nærmare valet i 2029, seier ho til NRK.
Raja to VG: Would rather have Støre than Listhaug
Political Leaning Analysis
Score: -0.33 •
Leans Left
Left
Center
Right
Story Timeline
Tue 17:27 - NRK (NO)
Raja to VG: Would rather have Støre than Listhaug